Har du nokon gong vandra ned
Dei tomme bøkers veg?
Sett soloppgangen bak fjella i aust,
når alt er taust og stille før dagen –
endå søv orda sin uskuldige søvn,
og ventar, med blomar under hovudputa
Har du gått i dei stille gatene,
høyrt slamringa frå skoddene som slår
i vinden,
hundar som tassar mellom boksidene
og rundar til neste side
før nokon får tid til å jage dei vekk?
Har du høyrt nattlydane
frå tusen sovande ord,
bokstavar – fot mot fot i store senger
og dei lukkelege draumane
om trygge hender og djupe auge
flygande som flaggermussvermar over linjene?
Har du vore der
når alt vaknar til liv,
kjenner du, meir enn du ser eller
lyttar,
at alt fell på plass –
for alle er vakne, og ferdig stelte,
i det du tek på deg brillene
og opnar første blad…
Så flott beskrevet. Her kommer assosiasjonene trillende,Tusen takk for at du deler ordene dine.
SvarSlett