I det brøytekantane krympar
saman,
renn vekk
under vårsol
og varmen
som endeleg kryp fram
frå
vinterdvalen,
og snøen
(endeleg!) har gitt opp kampen
og huene er
pakka vekk, vottane
lagt til ro
og
sommarjakka funne tilbake
til
sommarresidensen,
og
fuglebrettet er teke ned,
benken sett
på plass framfor huset,
grusen er
kosta vekk frå asfalten,
og vårskoa
spring lett, fleire centimeter over
bakken
I det
vinterkulda omsider har slept taket
og ny
solkrem står og dirrar av forventning
i
kjøleskapet,
er det
berre ein ting i tankane mine,
trass alt:
IS!
(Måndagstema hos Alt som er vakkert: kaloriar)
Äntligen börjar det bli lite varmare ute så man köpa glass och äta i solen...
SvarSlettVårkram Kakan
Ja med det vejr vi har idag vil det gøre godt med en is ;-)
SvarSlettImponerande flott dikt!!
SvarSlett:-)
Flott dikt, is er det beste jeg vet...så jeg later nå som jeg ikke har sett dette bildet ;0)
SvarSlettTakk! Og ja, eg trur vi er mange som gler oss til det blir varmt, og at vi kan kjøpe pinneis utan at nokon hevar eit einaste augebryn...
SvarSlettHer tok du våren på kornet!
SvarSlett