i dag ligg ispinnar nakne
blant reiler som no står still
men nettopp i denne timen
kan me nok klare ein til
der stig ein song over hagen
håpande i sitt språk
skjønt, nynna med smale lepper
for is-mas på måndag = bråk
Viser innlegg med etiketten snop. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten snop. Vis alle innlegg
mandag 18. mai 2020
mandag 21. april 2014
Ny mat
det
nye livet spirar
ekspanderer
i det tome rommet
etter
ein vinter som drog,
strekk
seg
mot
lyset, mot vatnet, mot vinden,
let
seg bere av noko utanfor seg sjølv
let
seg vatne med levande vatn,
føre
med tida
mot
ein stad der livet ikkje lenger
er
nytt
og
kunnskapen er mogen,
den
nye maten
fyller
opp tomrommet
etter
det som forsvann –
(mandagstema, fri tolking...)
torsdag 30. januar 2014
Pære
Eit laurdagsdikt på ein torsdag... berre fordi eg likar pære så godt! (Torsdagstema)
Når lakrisen tyngjer
som stein
og renn som seig
sirup i kroppen
Sjokoladen smeltar
på tunga…
Når brusen er slokna,
heilt temt,
eg klarar knapt svelgje
ein dråpe (til)
Sjokoladen renn
mjukt gjennom halsen…
Når chipsposen
knitrar, og sofaen gynger,
dropsen er borte,
og samvitet tyngjer
Sjokoladen boblar
i blodet…
Då skulle eg
ynskje
det var deg eg åt
du saftige,
fristande pære!
torsdag 16. januar 2014
Twist
Korleis ville twistposen vore
viss alle bitane var japp?
Då ville det vore ein japp-
pose, ikkje noko anna
og daimposar finst allereie
for dei som likar einsretting –
og hadde alle bitane vore cocos,
ville eg alltid hatt posen for meg sjølv,
noko som ville vore kjekt
i omtrent fem minutt,
og sidan ville eg kjent på
einsemda i å ete twist – aleine
for slik er det ordna
at eg likar cocos og du likar nougat,
vi likar caramel
og de likar lakris, og han likar daim
og ho likar toffee og dei andre
likar resten
dermed kan vi dele
og alle vert fornøgde
og magane vert passe fulle
av deilige bitar
og fjesa vert passe farga
av fellesskapssmil
-
Korleis ville twistposedelestunda vore
viss alle likte berre japp? -
Ah, mangfald, folkens
Mangfald!(Fredagstema)
mandag 15. april 2013
Frå det eine...
I det brøytekantane krympar
saman,
renn vekk
under vårsol
og varmen
som endeleg kryp fram
frå
vinterdvalen,
og snøen
(endeleg!) har gitt opp kampen
og huene er
pakka vekk, vottane
lagt til ro
og
sommarjakka funne tilbake
til
sommarresidensen,
og
fuglebrettet er teke ned,
benken sett
på plass framfor huset,
grusen er
kosta vekk frå asfalten,
og vårskoa
spring lett, fleire centimeter over
bakken
I det
vinterkulda omsider har slept taket
og ny
solkrem står og dirrar av forventning
i
kjøleskapet,
er det
berre ein ting i tankane mine,
trass alt:
IS!
(Måndagstema hos Alt som er vakkert: kaloriar)
Abonner på:
Innlegg (Atom)