Viser innlegg med etiketten dele. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dele. Vis alle innlegg

torsdag 16. januar 2014

Twist




Korleis ville twistposen vore
viss alle bitane var japp?
Då ville det vore ein japp-
pose, ikkje noko anna
og daimposar finst allereie
for dei som likar einsretting –

og hadde alle bitane vore cocos,
ville eg alltid hatt posen for meg sjølv,
noko som ville vore kjekt
i omtrent fem minutt,
og sidan ville eg kjent på
einsemda i å ete twist – aleine

for slik er det ordna
at eg likar cocos og du likar nougat,
vi likar caramel
og de likar lakris, og han likar daim
og ho likar toffee og dei andre
likar resten

dermed kan vi dele
og alle vert fornøgde

og magane vert passe fulle
av deilige bitar
og fjesa vert passe farga
av fellesskapssmil

-

Korleis ville twistposedelestunda vore
viss alle likte berre japp? -

Ah, mangfald, folkens
Mangfald!

(Fredagstema)