Ho går så stille og rart,
som om nokon sit og lyttar,
klare til å
kritisere, slå ned på
og fordømme den minste lyd
- auga avslører ei frykt
vi ikkje forstår
og vi veit: Det er ikkje hit ho skal
eigentleg
skulle ho hit likevel?
Vi løfter skuldrene, kikkar på
kvarandre,
men ingen seier noko, ingen gjer noko
–
Vi let henne
gå, fortset med vårt
som om det heile var ein draum,
men vi kan sjå fotspora i molda, dei
går ikkje vekk,
same kor mykje vi prøver å lukke auga
og snu oss vekk
Og bildet av dei redde auga,
har brent seg fast på netthinna –
dette må vi leve med
om vi vil eller ikkje
#å sjå
I skulen dukkar det frå tid til annan opp einsame sjeler, elever som nærast unnskylder sin eigen eksistens, og som ikkje heilt får innpass hos dei andre. Som lærarar prøver vi alt vi kan å hjelpe, både å bygge opp sjølvtillit og leggje til rette for inkluderande aktivitetar. Likevel lukkast vi ikkje alltid, og av og til har eg lyst å rope til medelevane: Men kan de ikkje sjå? Nokre av mine svartaste minner, og dårlegaste samvit, er knytta til menneske eg sjølv ikkje har sett...