onsdag 13. november 2019

Flaskepost

eg er ikkje bølgjene eller vinden
eg er så definitivt ikkje havet
det vide havet med alle sine djupner
er for stort

eg er heller ikkje båten
eller masta, seglet, roret

det er ikkje eg som er tauverket som held det saman
eller losen som speidar i baugen

eg er ikkje skipper, kaptein, matros -
det er så mykje eg ikkje er...

om noko
er eg ein dekksgut, stille
gjer eg mitt arbeid
så godt eg kan -

lagar kart og forklaringar
           etter beste evne
om kurs og mål,
legg dei i flasker og kastar på sjøen
i eit brennande håp om å vere til hjelp         for nokon
som søker mot sikker hamn


tirsdag 12. november 2019

Kome att utan auge

i eit glimt såg eg inn i draumen
den var svart, som natta rundt

berre små lys, som blafrande stearin, lyste opp;

her var nokon som gøymde seg
her var nokon som var borte -

ingen kviskra namnet ditt,
ingen hengde opp bilete av handa di
som ein relikvie over døra,           nei, ingen
sa dei magiske orda eg visste høyrde til

for eg hadde høyrt dei før
og ville rope dei ut, rope dei inn
i motvinden

-

då vakna eg
og alle lys var borte 




mandag 11. november 2019

Motsett av motsett

me kan vende medaljen
to gonger rundt
og tilbake til dei tomme auga,
dei ventande hjarta

sveitten som fordampa
vender tilbake
og går tilbake i elva
- renn til fjella

stirer rett på sola
til auga smeltar
og alt me klarar
er alt anna enn det me klarte i går


lørdag 9. november 2019

Regnsmil

gjennom uendelege straumar vatn
trer eit ansikt fram,

eit minne, ein skugge
eit spegelbilde frå ei anna tid

det du såg
då du stirra deg sjølv djupt i auga -

no ser eg auga dine
fylte med vatn

og eg veit, som i eit lynglimt
at det er innsida eg ser     -       det du verkeleg såg

då hjartet ditt sukka under byrda
av alt vatnet som hopa seg opp

som eit innestengt magasin
bak auga dine



fredag 8. november 2019

Stråle frå svart

eit rektangel utan botn,
veggar som strekk seg vidare
         der horisonten stoppar

ei opa flate
av kvikksand
alt som passerer tunga
forsvinn i mørket

sporlaust flyt blekket rundt i natta
på jakt etter form og flate,
ein kniv som kan forme
søker hammar og meisel og støypeskei -

for det opne, smelta hjartet
lengtar etter samla pupillar;
at nokon skal sjå
og forstå
og lage elektriske gneistar av alt det svarte



torsdag 7. november 2019

Det som vart ein mur

det vanskelege er
at eg sit fast i noko eg ikkje kan plassere,
eit augeblikk eg ikkje kunne føresjå
den gongen me bygde denne muren -

det var gode dagar, det var så mykje lys
og me bygde saman
det var vårt - eit byggverk fylt av song
og me la ned uendeleg mykje kjærleik i dette
som slett ikkje skulle bli ein mur

som likevel enda, likevel
snudde til vinterkulde og mørke skuggar

eg støypte meg fast, innsida av hjartet krympa
og no ser eg ikkje lenger kor byggverket endar,
kva som forvandla dei lyse veggane til eit stengsel

-

kanskje kan eg rekke ut handa, vifte litt over kanten,
gje meg til kjenne,
senke dette stolte blikket
heve meg over einsemda og skalet eg pakkar meg inn i

kanskje kan eg innrømme      noko
la meg knuse
og vekse opp att av oska
som den eg ein gong var
i auga dine


tirsdag 17. september 2019

Morgonen kjem

kunne eg berre vere
som eit bilde av meg sjølv
måndag morgon -

det er ikkje huda som anar frykta
eller auga som kjenner smerten
av å gå to meter bak seg sjølv
og vere eit stille vitne

for éin veg må eg gå
same kor lenge eg nøler
og morgonen kjem
same kor store skuggane veks seg

og lengten etter konsistens
stig med morgonsola
ein tidleg måndag morgon,
og lengten etter å passe inn
i meg sjølv
er konstant