mandag 5. august 2013

Orda er klare!

Eit dikt til alle som er glade i nynorsk - og bokmål! - og stod opp i dag tidleg med pittelitt jubel i hjartet for Ivar Aasen (5. august 1813 - 1896) og gleda ved å kunne skrive med ord så vakre som ...



Dei vanskelege orda,
saman med dei enkle, dei banale
og alvorlege, dei slemme, dei snille,
dei keisame og sløve,
dei raske, dei glade og obskøne,
ja, til og med dei samansette –
ligg der, på kvar sine hyller, i dobbelt sett,
klare til dagens arbeid, klare til
å yte sitt
for at verda skal bli litt betre og enklare
å forstå
og for å hjelpe oss hjelpelause menneske
å formidle det kroppen ikkje får sagt –

To ord for det same – vi kan like det,
eller ikkje…
men orda er komne for å bli,
og er skattar som ventar – på deg!



søndag 4. august 2013

Inn til kjernen



Stille dag, stille vann
I taus forståelse – orda stilner –
går vi mot felles mål,
utenfor ruten, til et ukjent sted
for oss begge
- her tør vi være oss selv,
skrelle vekk alle bånd,
la svadaen synke som stener,
flyte på nyvunnet lykke –
Orda er få, men kommer fra hjertet,
med en tyngde vi ikke har kjent

Alt vi gjør, gir mening
Alt vi sier, når frem
Og vi tenker, forundret
at her skulle vi vært, hver dag
og vet – litt smertefullt
at det ikke vil skje --

lørdag 3. august 2013

Morgon ved fjorden



Det er morgon ved fjorden,
ein stille dag, i starten av august
Lufta er alt varm, eg sit barbeint på ein molostein
og lyttar til fuglane sitt morgonstell
Berre måsane er heilt klare, og i gang med dagens leik

Ein nabo køyrer forbi i båt,
den stille dunkinga bryt inn i bølgjeskvulpet,
eg kjenner hjartet byrjar å fylje takta –
Eg vinkar, og ropar god morgon,
får eit vink og eit smil tilbake,
før eg lenar meg tilbake mot steinen bak
og let att auga

endå sit søvntåka att i kroppen,
eg kjenner korleis den siv ut 
saman med den stigande sola --
eg ser den som ein varm flekk bak augelokka

Motorduren stilnar, tilbake er berre eg
og måsane og småfuglane
og bølgjene mot molosteinane
og ein dag som kjem ruslande med hendene i lomma,
lyftar vekk nattsløret
og slår seg ned – rett ved meg

torsdag 1. august 2013

Eksospotte, sykkelramme



Forlatt – ein taus kreasjon,
sett saman av nyttige delar
- noko som var nyttig, ein gong,
før slitasje og rust, nye tider
sette inn,
omforma det vitale til skrot
det nyttige til noko brysamt, noko å bli kvitt
ein stad, stua vekk og gløymt –

Eg er på toppen av sinuskurva,
kjenner livet boble, kjenner vinden blåse
meg framover – endå er eg på sporet

Ein dag vil du kanskje finne meg,
vekkgøymt, som ei sykkelramme utan hjul,
eksospotte utan bil –
Ein kreasjon, mot slutten av kurva,
på veg ut av diagrammet og inn i eit nytt…

Eksospotte, sykkelramme
skrot, eller meisterleg kunst –
Eg kan ikkje avgjere, tenkje tanken til endes,
snur meg rundt og går vidare, bort,
prøver å gløyme
ei innsikt eg ikkje vil ha…