ein
vind glir lett over fortauet
forbi
jentene som hoppar paradis
inn
porten til bakeriet
gjennom
kleda til bakarsveinen
og
ut på baksida, under ein bil
ruskar
i håret til mekanikaren
svingar
til venstre langs husrekka
over
eit gjerde
forbi
husmora og klesvasken
forbi
snekkaren og den halvferdige veggen
forbi
han som har sovna ved grillen
forbi
ho som strekk seg for å nå
ein ball som sit fast i eit tre
(ruskar
litt i treet, så ballen dett ned)
og
vidare gjennom eit kjøpesenter
rundt
alle dei travle fjesa, vidare
ut
i vårsola, eit parkområde
over
alle solslikkarane
inn
i ein bygard, opp til øvste etasje
der
den einsame mannen ser i album,
gjennom
alle romma i huset hans
ut
bakdøra
ned
bakgatene
forbi
dei to som vekslar pengar og dop
forbi
han som søv i inngangspartiet
forbi
dei to som kysser
forbi
han som gret over knuste bitar
forbi
skiltet med bynamnet på
og
tek med seg lukta av alle desse
som
eit perleband
vidare
inn
i landet
I see you have specsavers as well then
SvarSlettFlott situasjonsbeskrivelse av byliv og mennesker i vinden!
SvarSlettTakk for gode ord fra deg - ja vi henger et par uker etter med vårtegnene her nord på denne tiden men den er i luften og send gjerne vårvinden hit! Typiske vårdager her nå med sol og regn og sludd og vind og stilla om en annen ! Men skjæra har lagt egg og reiret er bygd høyt- det lover en god sommer !
Gode vårdaga tel dæ Englepappa :)
En vind får vara med om mycket!
SvarSlettJeg koser meg her.
SvarSlett