Det var elden du vitna om,
du uforklarlege mann, så annleis
enn det vi hadde forventa
Du skulle rydde veg
og du rydda så godt du kunne,
ein veg tvers gjennom vår hjarteørken,
tvers over havet som skil oss
frå det verkelege livet
Du trassa samfunnet
Kledde deg rart
Åt mat som vi andre forakta
Tala ord som vi ikkje forstod –
ikkje før elden fata rundt hjarta
våre,
brann med ein eld som bygde,
ikkje øydde
Ja, det var elden du vitna om,
det forstod vi
då vi sjølv fekk beskjed om å ta av
oss skoa
og tre inn på heilag grunn –
Difor tenner eg bålet mitt i dag,
og minnast din livsmisjon;
vere motpol, og peike
på Han som sidan tente elden
i hjarta
Nydeleg dikt! Og ikkje minst ein viktig bodskap! Halleluja, kan me seie då.
SvarSlettJe to veľmi zaujímavý, že tento zvyk pozná možno celá Európa. Aj u nás sa pália svätojánske ohne. Ale ja som ešte nikdy na takej akcii nebola.
SvarSlettIt's very interesting that this habit may be familiar with the whole of Europe. We are also burned Johannisfeuer. But I have never been to such action.