På dagar med mørker
skulle eg ynskje eg kunne rope:
Sjå lyset
det er der
i enden – og ikkje berre der,
men kor du enn snur deg
er det lysglimt, er det håp,
er det kjærleik som strøymer imot oss
- det er berre å strekke ut armane,
opne auga, opne famnen
og ta imot
Medan du går med lukka auge
og klagar over mørket
som fyller kvar krok, kvart rom
kvar dag i livet
og eg har lyst til å rope,
men noko held att,
noko bind meg, noko kneblar;
Det er frykta for dine tolkingar
frykta for avvising
frykta for å bli ledd ut – av alle
med attlatne auge (Det er så mange!)
Så eg solar meg i lys og håp
og held uvisleg kjeft,
medan du famlar rundt langs veggen
og klagar
over alle dei mørke dagane
og mangelen på håp i verda –
Takk!
SvarSlettVakkert og vondt
SvarSlett