Eg tenkjer tilbake på min eigen barndom,
minner som ligg lagra
som vakre blomar – eit herbarium
av stille draumar, varme klemmar,
lukter, ja, lukter til kvar ein stad,
kvar ei hending
Eg tenkjer tilbake på mine eigne
draumar,
drøymt under fjørlette sommardyner
heime – på barndomsrommet, i
barndomsheimen
der føtene mine fekk feste,
og tankane jordsmonn å gro i
Eg tenkjer tilbake – på den eg var då,
og alt som forma meg, tilførte næring,
alle dei som var rundt meg
og gjorde min barndom verdifull, noko å ha
Noko å tenkje tilbake på – med glede
Eg tenkjer på mine eigne born,
det rommet eg skapar for deira tankar,
deira greiner og deira røter – er det
stort nok,
er det plass nok for deira draumar og
håp?
Kva vil dei hugse – frå denne dagen,
når dei er tretti og ser attende?

Godt skreve igjen..
SvarSlettHm.. virkeleg noko å tenkje over..
Min barndom var heilt annleis enn det mine born har hatt.. ting endrar seg og ikkje alltid til det betre..
Så vakkert! Barndommen kommer aldri tilbake, når en betrakter minnene fra den, husker en nok best de vakreste av dem. Men å være barn er ikke alltid like enkelt, det er så mye en ikke forstår. Barn i dag har en tøffere barndom, tror jeg. Da gjelder det å gi dem ballast, drømmer, tro på at en er verdifull....
SvarSlett