Lat meg halde deg ømt i mine armar
Lat meg kviskre deg mjuke ord
Gode ord
Som du kan ta med på vegen
Bere med deg, som eit smykke
Den dagen du må finne vegen, på eiga
hand
Lat meg halde deg ømt
I dag
Gje huda eit minne
Noko trygt og varmt, noko kjærleg
Den kan hugse
Dei dagane det regnar, er grått og
kaldt
Lat meg halde deg ømt i dag
Den korte stunda vi er saman
Før du pakkar og dreg;
Minna er alt du tek med
Og vi står att og håpar
Dei er gode
Nydeleg!!!
SvarSlettnydelig om å gi slipp og på takknemlighet ....tusen akk..du skriv veldig vakkert!
SvarSlettVakkert. :)
SvarSlett