Vi seier at vi går gjennom skogen,
at vi passerar, går forbi,
er gjestar som kjem – er – går
ut att på andre sida,
legg skogen bak oss, som ein
geografisk stad
på karten, gps-tal i hurtig endring
Men kva om det er stikk motsett,
kva om det er skogen som passerer
gjennom oss,
at vi er dei stadfaste, det rolege
gps-punktet,
om enn ikkje på kartet,
og at skogen set sine fotavtrykk
over vårt indre landskap,
det som ikkje kan lesast med kompass
eller strekast opp med penn og linjal
Kva om det er skogen som legg oss bak seg,
let oss gå, let oss vere, til neste gong –
Ja, hva da? Kanskje inspirasjonen skogsturen gir, de fotavtrykk den setter i oss, beriker hverdagen slik at vi ser det essensielle? Vakkert dettte, englepappa!
SvarSlettEn stund siden jeg har lagt igjen spor her inne, men jeg besøker bloggen din stadig vekk. Og skogen er ett av mine favorittsteder :)
SvarSlettØnsker deg en god 17.mai og pinsehelg!
Klem