Du kan vise meg høge, staute tre
med mektig stammar, lauvrike greiner
Tre som lyser
mot oss som eksempel:
flotte og trygge – til å stole på
Tre vi kan beundre, gå rundt
og stryke over borken – fordi
det store og mektig tiltalar oss…
Likevel. Eg går rett forbi.
Eg skal vidare, opp til fjellet,
der dei verkelege heltane står:
Dei forvridde og skakke,
ikkje så fine å sjå til,
men levande – så levande at det nesten
gneistrar av dei
Dei skakke fjelltrea, dei som har
levd,
ja, verkeleg levd
livet til fulle, og har fått sine
merker av det
og blitt robuste, stødige;
Det skal meir enn ein storm til
å rokke ved ei fjellbjørk…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar