Eg er ein observatør, ein som blar
i bøkene, lyttar til musikken
ser bileta flimre forbi på glasskjermen
i togvindauget;
Eit landskap av forvridde tre,
obskurt og fjernt, mørkare
enn dei mørkaste av draumar
Eg observerer, eg ser, eg er
ein reisande, på farta
gjennom dalar der orda står
staute som høgreist furu, stolte
og utakelege, eldgamle ord
Blikket mitt må vike
flytte seg til dei mjuke underskogane,
trea med opne armar
oppover, utover, mot meg
Vil omfamne meg, kviskre kjærlege ord
til vinterkroppen min
Men ferda går vidare –
Gjennom sletter, langs kystar
av obstruerte idear; aldri
tilgjengeleg,
for djupet er for djupt
Kva
er det då eg ser?
Kva
er det som vaiar som sjøgras over marka?
Eg er ein observatør, reisande i ord
Ein boklesar, tretolkar, med fjeset klistra
til ruta
(Posta på Tina's picstory: O)
what a cool idea! thanx :)
SvarSlett