Det er ingenting som å starte på ny,
kjenne graset byrje å spire
kjenne vatnet renne fritt
kjenne hjarta banka i brystet;
- No skjer det noko!
No, rundt meg, endrar alt seg
Ting vert sletta, ting vert viska ut,
alt vert tømt, raka flatt og glatta ut
Tilbake: Dei blanke arka, den nye
starten
Såkorna som vert putta i nyvelta jord
Blomen som vert sådd i nye bed
Smilet som vert sendt
heilt
fritt for baktankar
Det er ingenting som å starte på ny,
rekke fram hendene, ta imot
den nye sjansen – som ein fugleunge
Liten,
svak, med alle sjansar opne
og
ei framtid… Ei framtid!
Flott skrevet om vårens underverk!
SvarSlett