Eg ser på det nyfødde livet
Dei små, dei skjøre, dei vakre
som dansar på vegen mot sommar
Dei som endå ikkje veit forskjell
på ven og
uven, men spring imot
med naive,
håpefulle steg
Dei som endå ikkje har vakt ei sommarnatt
med lummer varme, fuktig vind og tore
frå rullande svarte skyer
Eg ser på dei som endå kan gle seg
over livet
Utan tanke på morgondagen, eller neste
år
Dei som fortsatt har tru på det gode
Eg ser på det nyfødde livet
Og takkar for endå ei påminning, endå
eit hint;
Senk skuldrene! Dans gjennom dagen!
Så sant!
SvarSlettDans gjennom dagen! :-)
Nydelig bilde, fint eksempel om livsglede. Eller som det står i en gammel bok: Se til fuglene, de sørger ikke....
SvarSlettNaturen er en gave, om en betrakter den, finner en livsvisdom.