Flygande bok – flygeord
Blada blafrar i vinden
I sakte film – som om tida har stoppa,
fell den mot bakken
Roterar
Orda lausnar frå sidene, vert slengt
ut
som fangarmar
Lianar
Røter, i eit vilt kaos
Pressar seg ned i bakken, like før
boka landar
Blada lever, fell ikkje til ro
Tømer seg for bokstavar og tal
Tømer seg for meining
Let røtene gå djupt i jorda
Heilt inn til hjarta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar