Eg har ein dansande plakat
på veggen
høgt der oppe
på veggen min
dansande
gjennom
mørke
netter
lyse
dagar
Dansar, dansar
vert aldri trøytt
aldri sliten
Berre svingar
seg
rundt og
rundt og rundt
og rundt
ein gong til
Eg
svimlar
og
snur meg
vekk
Nektar
å sjå
nektar
å vere
eit vitne
Kven kan halde ut slik ei glede?
lørdag 27. april 2013
fredag 26. april 2013
Fabel XX/XY
Eg reiste til verdas ende –
for å kjøpe
eit frø,
eit dyrt og sjeldan frø
som kosta
meg månadsløna;
Fly og
hotell, pass, solkrem,
nye
t-skjorter
og det dyre
frøet, så sjeldan
at eg berre
så vidt fekk kjøpe det
men det
fekk eg
og no sit
eg i sofaen og tenkjer
på i går,
då eg sat på kne og planta
frøet,
pakka på molda med omsorg,
vatna som
var det mine eigne tårer
og mitt
eige hjarte som låg i jorda
Venta på
lyset og varmen og lysta
til å vekse
og eg
tenkjer på i natt, draumen
om det store treet og den gode skuggen
det vil
kaste over huset
og dei
flotte blada og gleda
ved å
klatre i dei sterke greinene
og kor
flott det vil ta seg ut
i hagen min
og eg
tenkjer på i dag tidleg,
då eg gjekk
med lette steg ut i hagen
for å sjå,
vente på den vesle spira
og gjekk
med tunge steg inn att
etter å ha
sett holet i bedet og det øydelagde frøet
som låg
knust mot ei steinhelle
og eg
tenkjer på dei to gutane
som ikkje
lenger smiler så breitt
og hunden
deira og
sinte og
litt fattigare foreldre
og dei undrande auga og
fortvila stemmene,
- “men
det var då berre eit frø?”…torsdag 25. april 2013
Liksom ironi
Dette biletet tok eg til ei
skuleoppgåve
for over ti
år sidan,
eg trur det
var i 2002,
og oppgåva
var: “Eit bilete frå nærmiljøet ditt”
og eg gjekk
ut, knipsa, leverte inn,
og det var
det
og det
verkeleg ironiske i det heile
er at
skogen eg tok biletet i
ikkje
lenger eksisterer
Der står
det i dag eit kjøpesenter
og skulen
eg gjekk på finst heller ikkje
Lagt ned på
grunn av innstrammingar
og
nedskjeringar og manglande
politisk
vilje til å finansiere slike pengesluk
Eg brukar
heller ikkje fotoapparatet
lenger, det
ligg i ei skuffe og støvar ned,
medan meir
moderne og fancy
digitalkamera
har teke over jobben
Det einaste
som er att av det heile,
viss vi då
ser bort frå meg sjølv,
som vel er
same person
om enn noko
vaksnare
og annleis
enn den gongen,
er dette
biletet
og det er temmeleg
ironisk
med tanke
på kor flyktig eit
fotografi
er
og kor lite
påliteleg innhaldet er
og kor lett
det er
å
øydeleggje, rive i to og gløyme
Likevel
Somme tider er eit bilete
alt som er att
onsdag 24. april 2013
Tankar under tre
Det er rart å sjå
korleis
greinene strekk seg oppover og
utover i
tome lufta
strekk seg
mot noko berre treet kan sjå
Noko å
strekkje seg etter,
tenkjer eg,
må vere
bra, tryggande kanskje
Noko å lengte mot, lengte etter
lengte til
eller
kanskje lengtar det frå noko
Lengtar
etter å reise seg frå bakken,
riste molda
av røtene og vere fri
Kunne vere
sin eigen herre (eller eige tre)
og forlate
alt, alle plikter og sorger
Alle blad
ein har mista
og knekte
kvistar
som raslar
og rotnar på bakken
og stadig
minner om det som var –
Eller
kanskje strekk det seg,
berre for å
strekke seg
Tøye
slitne, støle fibrar…
Det er
ikkje godt å seie
Noko
Einaste eg
veit, er at det faktisk strekk seg,
lagar
skugge eg kan sitje i
at det i alle fall er fint
for meg
Abonner på:
Innlegg (Atom)

