Bror min er tømrar
skriv sin tekst med tre og spiker
Hamrar den fast til berget,
fullt leseleg for alle som vil sjå,
vitnar om det menneskelege språket:
byggje opp, reise landemerke
kommunisere vårt vesen frå hjarte
til hjarte
Bror min skriv
det eg aldri kan seie:
Her gjekk det eit menneske,
her slo han opp sitt hus
sin familie, sitt liv
Kvar spiker syng teksten
eit kor av tre og metall
Kvar gong eg kjem over eit
falleferdig hus
i skogen, på eldgamle tomter
må eg tenkje på dei som gjekk der
levde sine liv
åt frukost, åt middag, lo eller
gråt
kyssa, elska, leika, sov
levde
der
Bror min sine hus er vitne,
tause songar
vi kan lese, tolke, sanse
ein stille tale til våre
menneskelege tankar
Når alle mine ord på gulna papir
har forvitra, delt seg opp og er gløymde
står husa der endå
