søndag 23. desember 2012

Fred!



Ikkje frykt
Ver ikkje redd!
Lytt no godt,
for det har skjedd!

Han kjem no ned
til låge hytter,
høge hytter,
slott og campingvogn
Han kjem med fred
til Afrika,
Amerika,
og til og med til Sogn!

Bli med i dansen
kjære venn, bli med og syng:
Vår Gud, vår skapar
kviler no i høy og lyng!

lørdag 22. desember 2012

Ein finger til trøyst



Nokon gonger ropar eg: Nei!
Kanskje brølar eg,
kanskje spring eg vekk,
legg armane i kors, under eit bord
Underleppa ut
Eg er sint, og du veit det!

Andre gongar trekk eg meg unna,
forsiktig, nesten unnskyldande:
du veit eg ikkje vil såre,
eg må berre gjere ting sjølv,
veit du,
ja, du veit det?
Du veit eg er i ferd med å bli stor?

Men nokon gongar, særleg
når det er mørkt, eller eg er redd,
eller eg føler meg så veldig liten
og verda så uendeleg stor
og skremmande
Då, pappa, då er det godt
å kunne halde i fingeren din

fredag 21. desember 2012

Leve litt til

Til dei som møtte 21.12 med bankande hjarte, og med eit sukk av lette oppdaga at verda fortsatt består...



Ingen kjenner timen
står det skrive
før sola pakkar saman
tida stoggar
og vi møter den siste dagen

til den tid
smør eg niste kvar morgon,
og syng for borna kvar kveld
Hagen skal dyrkast
Ein ferie bli planlagt
Ei rekning bli betalt

Eg ser framover, inn i framtida,
samtidig lever eg
med auga vendt oppover
For éin dag… Då!
Og då, tru meg:
då skal eg vere klar

Det blir ein gledesdag!

torsdag 20. desember 2012

Flygande støv




Sjå vengene mine,
dei faldar seg ut
mot den nattsvarte himmelen

over meg
eit stjernehav
vidar seg ut, blinkar gjennom
det flortynne sløret av luft
mellom oss

under meg
svart jord, blått hav
grøn mark, der eg høyrer til

Ein tanke festar seg
klorar seg fast, held meg oppe:
du er støv, du er jord, du er vatn

du er gull, du er glas, du er ånd
du er elska, du er til

Sjå vengene mine,
eg faldar dei saman
og flyr like godt

det var ikkje dei som bar meg