torsdag 7. juni 2018
onsdag 6. juni 2018
På vegen #2
når
du fresar forbi éin bil
vil
der alltid vere ein til
og
endå ein
som
køyrer sakte
berre
for å plage deg
eg
for min del
kjem
heller to minutt for seint fram
med blodtrykket på rett nivåtirsdag 5. juni 2018
mandag 4. juni 2018
søndag 3. juni 2018
lørdag 2. juni 2018
fredag 1. juni 2018
Namnet
fortsatt er det nokon som strekk seg
som fortvilte pronomen
mot dei større linjene på arket
veit der er eit namn
dei aldri kan erstatte
og så mange andre
dei er for store til å nå
likevel
vil dei aldri slutte å strekke seg
etter dette eine namnet
n-a-m-n-e-t
det som femnar om alt
dei ikkje klarar å fatte
Abonner på:
Innlegg (Atom)


