tirsdag 24. oktober 2017

Menneske og konstruksjon



refleksjonar av det storslegne,
det vi menneske kan
bygge saman – bygge opp
til noko endå større

så går vi der
med våre puslete føter
og tankar – streifar
innom
i utkanten av
dei store mysteria; dei verkeleg store

at hjartet bankar seg fram
gjennom tida
stødig og trufast

at føtene kan flyttast mot eit mål
berre ved ein tanke

at lydane vi formar i lufta mellom oss
vert ståande som bruer
mellom mitt hjarte og ditt
- at vi forstår kvarandre –


tirsdag 17. oktober 2017

Jordas blod



kva er det bankande blodet
som held jorda oppe,
den usynlege væska
som strøymer ustoppeleg
og ber med seg fortid
og framtid i sine hender

er det vatnet i sin evige straum,
gjennom luftlag og jordlag
væter, gir liv

er det oksygenet i sin runddans
frå luft til kropp til luft
nører opp elden i kvar celle

er det tjuktflytande olje
lagra energi i stein i jord i vatn
pressa til si ustadige form under tida

eller er det djupare ned, lenger inn
i jorddjupets mystiske mørker
der lavaen seigliva flyt
som eit glødande hav

nei, jordas blod 
er barna sine draumar –
draumane og håpet,
det som lyfter tankane opp frå det grå
ut av molekylrørslene – ut over
naturlover og alle grenser

tek du frå barna
draumane og håpet
vil jorda dø ein sakte død


mandag 16. oktober 2017

Haustvers



dei rolege haustdagane
på veg opp eit raudnande fjell
gjennom ein skog
langs gjengrodde skogsvegar
til eit tjern med vassliljer i

dagane svingar seg
som rolege havvindar
oppover bjørkestammene
nedover bekkefaret
over ei eng med brune strå

stryk ei mjuk hand over huda
legg sitt kjølande kinn mot ditt
kviskrar sitt ømme farvel
til sommaren som var