1
eg
speglar sjela mi
i
verda rundt meg
somme
dagar ser eg klart
det
mørke vatnet
som
skjuler mine inste håp
somme
dagar ser eg klart
håpa
som ligg skjult
under
alt det mørke
andre
dagar ser eg tydeleg
lyset
som blendar
utsikta
inn mot framtida
andre
dagar ser eg tydeleg
vegen
inn i framtida
gjennom lyset over horisonten
2
i natt
var dette treet
ein
flytande båt
på
det store verdshavet
bølgjene
førte det rundt
til
framande himmelstrøk
og
vindane bles det vidare bort
ingen
stadar fann det feste
alt
var svevande mørke
under
rotlause, tause stjerner
men
så kom dagen
og
treet fann seg sjølv att
akkurat der det ville vere
3
det
ventar eit lys
der
framme ein stad
etter
dette
slukande
mørket
ein
stad du kan danse
andre
dansar
enn
melankolske steg
i din
eigen ørken
eit
lys som vil opne opp
vegar
du ikkje kjente
før
du såg dette gløttet
av ei anna verd bak siste sving(Fototriss. Stilig julegåve hos coolstuff: Boblekalender!)