1
vende
blikket bort
frå
det rotnande lauvet,
nedtrakka
restar
etter
liv som kom og var
og
reiste att
vende
blikket oppover
dit
lauvet ein gong var
sommaren
blafrande i vinden,
vende
det mot håpet og vente
på
nytt liv
2
symboltyngda
mot bakken,
det
lette svevet i høgda
eit
merke langs grensa
mellom
mitt og ditt
eit
stengsel
eller
eit velkommenskilt –
i mitt
flagg står korset
som
eit nåderop mot verda:
her er livd, her er vern
her er opa dør – for deg
som har tungt å bere
3
krafta
går viljelaust i metallet
dytta
av garde av krefter
langt
bortanfor rekkevidda
til
det einskilde elektronet
framover,
framover,
det
er som eit syngande rop
der
straum dyttar straum
i
ei endelaus rekke
men
det er ikkje tilfeldige straumar,
det
er ein start og ein stopp
og
alt mellom –
skjer
i bestemte mønster
styrt
av dette store, bortanfor
eitkvart
omgrep, ei kvar forklaring;
så
er det då altså ei meining
om enn skjult, om enn umogleg å forstå –
(Fototriss)