Viser innlegg med etiketten menneskeverd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten menneskeverd. Vis alle innlegg
onsdag 9. september 2015
Grensekryssar
om eg ein gong måtte krysse ei av dei mange slettene her på kloden
på flukt frå døden
gjennom ukjent terreng
i stadig frykt for morgondagen
i stadig frykt for kva som no vil skje
med borna mine, med kona mi, med framtida mi -
om eg ein gong skulle vere ein framand i andre sitt land
med lengslar som strekk seg attende
til tryggare dagar
i min eigen heim
og ei kjensle av undergang - at noko er over
for alltid
ja, om det ein gong skulle vere meg du ser der så langt heimanfrå
av grunnar eg ikkje sjølv har skapt,
i flukt på tvers av alle mine draumar
med ei bøn om eit hus å kunne gå inn i
setje meg ned i
sove i
leve i
berre vere i
så håpar eg du ser lenger enn til ansiktet mitt
hendene mine, kleda mine, trua mi
håpar du ser lenger inn
enn til auga mine (som faktisk er heilt lik dine)
og lenger inn enn orda mine
som du ikkje forstår
kanskje heilt inn til mitt bankande menneskehjarte,
inn dit sjela kryp saman
i søken etter eit verdig liv,
respekt for den skapningen eg er
så langt inn at du ser
eg er eit menneske
som deg
og at du aldri, aldri, aldri
spenner beina under meg
(kommentar til denne reportasjen: http://www.nrk.no/verden/tv-reporter-mistet-jobben-etter-a-ha-sparket-og-spent-bein-pa-flyktninger-1.12542634)
Etiketter:
draum,
flyktning,
grenser,
menneskeverd,
nynov
søndag 19. april 2015
Korleis du ser
#Middelhavet
Eg ser nyhendebileta frå Middelhavet. Eg kjenner eg vert rysta - at hjartet vert tungt og hovudet tomt. Kva er det vi menneske gjer med kvarandre? Det er vanskeleg å komme med enkle løysingar på det som skjer, men eg veit ein ting: All medmenneskeleg åtferd startar med auga - at vi ser dei vi har rundt oss som menneske. At vi tilreknar dei same verdi som oss sjølve, som om vi såg dei i ein spegel.
Korleis er det vi (Europa skoren over den same kammen) ser på dei som kjem i dårlege båtar på leit etter eit betre liv. Ser vi menneske - som oss sjølve - som har håp og draumar om framtida? Som har ein familie som elskar dei? Som har den same frykta for å bli gløymt, miste håpet, måtte gje frå seg sin fridom og sitt eigeverd?
Eller ser vi berre ein litt brysam statistikk?
torsdag 28. august 2014
Flekkar på eplet
vi
er lurt inn i ein illusjon
alle
som ein,
eit
bedrag, ein svindel
utført
av sorterarar
med
pengar i blikket
dei
som skruppellaust
legg
sine blankpolerte
skinande
eple i fruktdisken,
sprayar
dei lett
og
gliser oss velkomne i døra
for
når eplehausten er her,
og
vi kan hente dei verkelege varene…
har
dei flekker og bulkar
dei
er små og store
skinande
og bleike;
heile
spekteret er der
og
epletreet er perfekt –
-
eg
er sikker på
at
nakne Adam
hadde
sine føflekkar
og
gule tenner
det
var berre det;
who
cares
og
så flotte merker!
det
er ei kjent sak
at
prikkfritt
er
det same som ingenting
og
ingenting
er ikkje noko å trakte etter#Sortering
Ok, sortering eller ikkje sortering av epler er ikkje ei sak eg eigentleg brenn for... Menneske, derimot, dei brenn eg for. At alle skal få vere glade i den ein er. At vi ikkje skal vere så innmari opptekne av jakta på det perfekte. At ingen skal sorterast bort -
Etiketter:
fellesskap,
menneskeverd,
sortering
Abonner på:
Innlegg (Atom)