1
kor
dei held til
desse
tankane –
stadig
er dei på vengene
ute
i den store verda
eg
finn dei fykande
over
framande landskap
kom
til kvile, litt
vere
her, i augeblikket, ei stund
eg
kan vere ein stille stad
for
det viktige no –
2
eg
såg bakkefestet
dei
solide stengene
trygt
planta på berggrunnen
- det
må til, sa du, der oppe,
skal
du flytte dei store tinga i livet
må
festet stå trygt
eg
såg betongelementa
dei
tunge kolossane
mot
ein skytung himmel
- slik
må det vere, sa du,
skal
du lyfte dei store tinga i livet
må
ballasten vere på plass
eg
såg kranførarblikket
høgt
plassert i sitt tårn,
vende
nedover, mot bakken
- det
er det beste, sa du,
med
høgd og luft i livet
men
blikket vendt mot det handfaste, nære
3
så
ser eg opp, let blikket kvile
mot
det høge tårnet over byen,
festar
auga på merket
mi
fane og segl på reisa
dette
symbolet, teiknet
som
minner meg på – stadig
at
over mine kvardagsgrå vegar
kvilar
eit kjærleg auge, kviler ei leiande hand –