tirsdag 7. oktober 2014
mandag 6. oktober 2014
søndag 5. oktober 2014
Sky
These beautiful clouds
Floating across endless skies
In their loneliness
Etiketter:
haiku,
haiku horizons,
helgbilden,
sky
I handa
vi har alle dei visne blada
mellom hendene våre,
dei halvdøde, døyande restane
av liv som ein gong
var godt
og vi har valet
om vi vil halde fast
og sjå blada rotne bort,
til dei flyt saman
med våre eigne hender
og vi blir det dei er
eller om vi vil gje slepp,
la dei falle til bakken
la dei gå i oppløysings-
gløymsle
og forsvinne som næring
til noko anna,
noko godt –
og samtidig
setje oss sjølve
fri
(Søndagstema i farge og s/k)
fredag 3. oktober 2014
Flukt
det er dei skumle
draumane
trengjer seg på
rullar inn
på fjørlette bein
udetonerte kapslar
av ukjent materiale,
verda legg seg flat –
i kjølvatnet
der frykta gror
som ugras mellom
gleda og det kvardagslege
spring dei trygge kjenslene
på flukt
frå skumle draumar,
tankar for store for vitet
(Weekend in black and white)
torsdag 2. oktober 2014
onsdag 1. oktober 2014
Eldre enn meg sjølv
det
er ei glidande grense
mellom
det som er
og
det som skal komme;
augeblikket
er ei bru
mellom
orda, eit landskap
i
stadig endring
eg
hoppar frå stein til stein
over
uroleg vatn
- det
er mi eiga redsle
for
døden, for tida
for
at alt eg har sagt og gjort
skal
ta meg att
og
bli eldre
enn
meg sjølv
Abonner på:
Innlegg (Atom)