torsdag 14. august 2014

By



alle desse skjulte konstruktørane
som ein dag steig opp frå molda
og bygde ein by,
strekte seg mot sola
        lokka med milde stemmer, som
        ein song
og gatene vaks fram,
buktande lyktestolpespirar – fanga sollyset
i stålkalde fotosyntesearmar,

byggjande sine ukontrollerte, skjøre
glasfasadar, med rom til store tankar
og rikeleg plass for alle luftige draumar –

alle desse skjulte konstruktørane
som vaknar kvar natt,
går sine rundar, nynnande
reparerer sår og flenger
så lenge dei finn det verdt –

og går under jorda når sola vert raud
og tida jobbar raskare enn alle flittige armar,
let byen etter seg som eit skal
- snart er den knust under tidsbølgjene
og gløymt av alle, viska ut –

berre sundslegne reisverk står att,
under eit teppe av mose og lav,
ventar på granskande, undrande auge
på andre sida av hundreåra


onsdag 13. august 2014

Sommarfunn



det er ikkje sikkert, veit vi
at alle funn
verkeleg er funn -

det kan vel så ofte vere
at vi tek ein Columbus
med attletne auge -

tid som har vore
er tid som har gått
og aldri kjem att;

den som held, er den som eig
men det er ikkje sikkert, veit vi
at det verkeleg er sant...

(Onsdagstema, Black and white wednesdays)

mandag 11. august 2014

Vaktarane


ho vaktar blomane,
vatnar med omtanke
i kvar dråpe
vatnar med kjærleik
til
kanskje ikkje blomane
først og fremst,
men til mormor
som gir slike kjekke oppgåver
og tiltrur ei lita sjel
ei vaktteneste i hagen -



han vaktar fjorden,
ser kvar båt, kvar bølgje
som passerer
og har passert
dei siste hundre åra

der står han
upåverka av vær og vind,
vaktar sin bit av verda
utan tanke for kva som elles måtte skje
i verda,
eller kven som kjem 
eller kven som går
andre stadar

han vaktar fjorden
kvar båt, kvar bølgje
med iskaldt hjarte
og streng konsentrasjon


ein stille vaktar
bak gitter og glas,
komfortabel i sin jamne temperatur,
ser sin søsken
der ute i kulda
skjelve i haustvinden
tyngde av vintermørket,
men også håpefulle i vårsola
og sprudlande glade
når sommarsola varmar og blomane sprett -

her inne
bak gitter og glas
så komfortabelt
og forutsigbart;
ingen nedturar
men heller ingen
overraskande gleder


(Good, random, fun v. 32 og Our world tuesday)

lørdag 9. august 2014

For mange døde born



det er striper på skjermen
eg skrudde av
klarte ikkje meir
orka ikkje meir

hjarta vart for fullt
hovudet for tomt

av gråtande barn
i Syria
der kulda drep
kuler drep
våre likegyldige, uvitande hender
drep

av døde born
i Gaza
der rakettane fyk
og bombene landar
og borna alltid er dei uheldige
i midten

av jaga, såra born
i Irak
skot i natta
skot om dagen
umenneskelege krav
og sorgtunge auge

av sjuke born
gråtande born
einsame barn
forlatne, svikta
dømte born
i alle hjørne
av ei skadeskoten verd

det er born
for mange døde
born

born…
mitt hjarte renn over
og maktesløysa
kryp som eit kviskrande
ukjent reptil
bak ryggen min,
kveiler seg rundt livet
og klemmer ut den vesle gnisten
som seier “kjemp”

så eg skrur av,
let hendene falle

ser over bordet
på mine eigne, leikande born
og ber ei tredelt bøn

måtte de sleppe alt dette
og må det finnast lindring
for alle opne og skjulte
sår
og vern for alle
der ute
for verdas born
som vi behandlar
så dårleg –


#born i krig

 Ein blir ganske avstumpa av alle reportasjane frå krigherja land. Det er vanskeleg å ta inn over seg alt det fæle, og endå verre å vite kva ein kan gjere med det. Her ein dag las eg ein artikkel frå Irak. Om ein familie som måtte rømme frå ISIL. Dottera på 4 datt ut av bilen, men faren kunne ikkje anna enn å køyre vidare. Då tok kvalmen meg, og eg måtte ut av alle nettaviser og ut og trekke frisk luft. Ei slik vond verd, så mykje liding, så mange born som dør på grunn av alle oss voksne sine meir eller mindre lure idear. Det er fristande å berre stenge av alle kanalar og late som heile verda er som den fredelege pletten her eg bur.

Men verda blir ikkje nokon betre plass av den grunn.
 

fredag 8. august 2014

Lyden av einsemd




lyden av det som kjem etterpå
når alle steg er gått
på vegar som no ligg bak
og sola går ned i havet i vest

lyden av det som då ligg att,
det som svevar over
ein blåsvart fjord,
som eit ekko mellom dei tause fjella

lyden av einsemda
som fyller alle tomrom
med ingenting
og gir liv til tause draumar

når eg sit her,
på kanten av mitt eige hjarte
og let lyden av einsemd
sveve som eldfluger på veg mot natta