søndag 29. desember 2013
Expectations
Etiketter:
bøker,
english,
haiku,
haiku heights
lørdag 28. desember 2013
Geometri
Alt har sine eigne strekar, eigne
former, sirklar
og avstandar til kvarandre, alt
kan målast, vegast, setjast inn i ein formel -
viss ein berre tek seg tid,
og lagar avanserte
nok
likningar der verda vert skildra, eller omvendt
at naturen stiller opp geometrien
og så er det berre for oss å vandre inn i den, flyte saman
som ein del av det heile;
Vi kan begynne med galakse-
rotasjonane, planetbaner og stjernebaner,
satelittar i stille svev gjennom rommet,
eller i den andre enden
med elektrona som snurrar sine evindelige snurr
rundt atomkjernane
og held det heile geometrisk på plass -
Uansett kor eg startar eller endar
ser eg eit ekko av klasseromsgeometrien -
verda som eit teiknebreitt
der matematikaren har leika seg
med alle typar konstruksjonar, vinklar
og moglege vridningar og vendingar -
Og eg bøyer meg i støvet,
gøymer mine eigne puslete reknestrekar
litt flau
bak ryggen -
(The weekend in black and white. Bildet er uredigert, og teke beint ned i stålisen på fjorden her sist vinter!)
fredag 27. desember 2013
Store gamle tre
store gamle tre,
kva har du sett,
kva kan du
fortelje
om alt det som
skjer –
du stod her lenge
før eg vart fødd,
har sett vintrar
komme, vintrar gå,
blad som blafrar
blad som svevar
av garde
på utstadige
vindar
og menneske har
kome til
og menneske har reist,
og du vil stå her
etter at også eg er borte
heile vegen står
du her
akkurat her – så
stødig, så trygt
utan hast, utan
spenning, utan redsle
utan ein tanke om
morgondagen
- kjem regn, så
kjem det,
kjem snø, kjem
snø, og sola
er din alltid
trufaste ven –
du står og tek
imot alt
med opprette
greiner
og ein takk for
dagen som kjem
det du har å
fortelje om livet
vil eg gjerne
høyre
og
lære av –torsdag 26. desember 2013
Stefanus
For dei tause stemmene,
dei som vart forsegla
mot sin vilje,
for beina som vart stoppa
medan dei endå var på reise
langt frå målet –
For dei som får merke
ufridomen som eit gnagande band,
fysisk og smertefullt
rundt handledd og hjarte –
For dei som ikkje smiler, ikkje ler
med tanke på morgondagen,
for dei som kvir seg for å sove
så langt frå alle dei er glade i –
For dei som kviler panna mot ein murvegg,
dei som trakkar framand grunn,
høyrer dører som slår i, nøklar som klirrar
og ei verd som med eitt vert taus –
For dei som ligg att på bakken
når bøddelen går heim frå arbeid,
for dei vi aldri meir kan høyre
anna enn som ei stille kviskring – ein isnande vind
over vårt kollektive samvit
For dei tenner eg dette lyset,
for dei skriv eg dette diktet
i dag
og for oss som sit att med reine og kvite
og blodstenka hender
onsdag 25. desember 2013
tirsdag 24. desember 2013
Barnet som et
Det rolege synet
av barnet som et;
Ein nyfødd baby,
eit lite menneske
forsvarslaus, øm
og varm
så mørke auge –
denne verda er rar,
alt dei ser har
han sett
- han kjenner det
alt igjen
og sukkar stille
eit sukk så djupt
at det når inn til hjartet hos mora
(Kva tenkjer du
på, kva fryktar du no,
vesle ven, vesle menneskebarn?)
Det rolege synet
av barnet som et;
og mora kjenner –
meir enn ho veit
at den vesle har
verda i hjartet;
og at verda vil
stikke det sund –
mandag 23. desember 2013
Jul i hjartet
Golvet
er vaska, kakene baka
treet
er pynta med kuler og band
Eg
sit i ein sofa, les i ei bok
om
noko som hendte – i framande land
Det
var englar og hyrdar, sauar, eit esel
og
to som var einsame, redde i natt
Dei
bar på eit håp, dei kyssa eit barn,
sjølve
handa til Gud kunne dei gripe fatt
I
stova er stille – endå søv borna
og
snøen ligg roleg i skogen
Eg
faldar to hender, eg formar to ord
“kom
inn”, for hjartet er mogen
Abonner på:
Innlegg (Atom)


