Viser innlegg med etiketten geometri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten geometri. Vis alle innlegg

mandag 24. august 2020

Sirklar

me fyller verda med sirklar

ein sirkel for deg

ein for meg

ein for alt det me likar, ein
for det me ikkje likar

ein sirkel for dei me likar
ein for dei
andre

ein sirkel for kor me har vore
og ein for alle andre stader

der dei andre bur
i sine sirklar

viss dei klarar å lage sirklar, då -
(fniser me)
og teiknar endå fleire sirklar
rundt oss sjølv

slik fyller me verda
med sirklar
som strekar i sanden

altfor få
går etter
med rive


lørdag 28. desember 2013

Geometri


Alt har sine eigne strekar, eigne
former, sirklar
og avstandar til kvarandre, alt
kan målast, vegast, setjast inn i ein formel -
viss ein berre tek seg tid,
og lagar avanserte 
nok
likningar der verda vert skildra, eller omvendt
at naturen stiller opp geometrien
og så er det berre for oss å vandre inn i den, flyte saman
som ein del av det heile;

Vi kan begynne med galakse-
rotasjonane, planetbaner og stjernebaner,
satelittar i stille svev gjennom rommet,
eller i den andre enden
med elektrona som snurrar sine evindelige snurr
rundt atomkjernane
og held det heile geometrisk på plass -

Uansett kor eg startar eller endar
ser eg eit ekko av klasseromsgeometrien -
verda som eit teiknebreitt
der matematikaren har leika seg
med alle typar konstruksjonar, vinklar
og moglege vridningar og vendingar -

Og eg bøyer meg i støvet,
gøymer mine eigne puslete reknestrekar
litt flau
bak ryggen -


(The weekend in black and white. Bildet er uredigert, og teke beint ned i stålisen på fjorden her sist vinter!)