søndag 5. mai 2013

Det bankar...



Det bankar på døra!
Er det våren eg skimtar der ute
bak gardinene
trippande på trappa
utålmodig, rastlaus?

Er det våren som kviskrar mot døra,
lukk opp… lukk opp…
med ei mosekledd stemme, nysmelta
klar mot vindauge utan frostroser?

Er det våren som er tilbake,
nyvaska, grønare enn nokon gong?

Eg kjenner den friske lukta sive inn
det halvopne vindauget;
opne, ja, skund deg, ver rask,
slepp gjesten vår inn i vårt hus!

lørdag 4. mai 2013

Fjelltre



Du kan vise meg høge, staute tre
med mektig stammar, lauvrike greiner
Tre som lyser mot oss som eksempel:
flotte og trygge – til å stole på

Tre vi kan beundre, gå rundt
og stryke over borken – fordi
det store og mektig tiltalar oss…

Likevel. Eg går rett forbi.
Eg skal vidare, opp til fjellet,
der dei verkelege heltane står:
Dei forvridde og skakke,
ikkje så fine å sjå til,
men levande – så levande at det nesten gneistrar av dei

Dei skakke fjelltrea, dei som har levd,
ja, verkeleg levd
livet til fulle, og har fått sine merker av det

og blitt robuste, stødige;
Det skal meir enn ein storm til
å rokke ved ei fjellbjørk…

fredag 3. mai 2013

Solefall



Den milde kveldsvinden
har blest seg tom
Og natta sig innover
den stille byen

Sola glitrar i små bølgjer
som vert knuste mot stranda
Tankane vert viska vekk
og det hardaste hjarte
finn ro frå urolege tankar

Mørkret dekkjer alle synder
og lar dei vere gløymde

Berre konturen
av det som var øyer
minner ein om livet
og at ein framleis er menneske
At ein framleis er i live

torsdag 2. mai 2013

Nye sjansar



Det er ingenting som å starte på ny,
kjenne graset byrje å spire
kjenne vatnet renne fritt
kjenne hjarta banka i brystet;
- No skjer det noko!

No, rundt meg, endrar alt seg
Ting vert sletta, ting vert viska ut,
alt vert tømt, raka flatt og glatta ut
Tilbake: Dei blanke arka, den nye starten
Såkorna som vert putta i nyvelta jord
Blomen som vert sådd i nye bed
Smilet som vert sendt
            heilt fritt for baktankar

Det er ingenting som å starte på ny,
rekke fram hendene, ta imot
den nye sjansen – som ein fugleunge
            Liten, svak, med alle sjansar opne
            og ei framtid… Ei framtid!

onsdag 1. mai 2013

Så gale


Aldri så gale
at det ikkje kan bli verre,
mykje verre
så mykje verre
at du lengtar tilbake
til berre heilt vanleg gale