av rein plikt
ordna han med sitt eige selskap
sende ut invitasjonar
men skreiv med vilje små feil
i adressene
og sende så seint
at dei fleste kom fram
dagen etter festen
(med sinte notat frå posten)
og dei næraste, dei
som visste om selskapet
og tida og staden
og kunne møtt opp
festpynta, med gåver og godt humør
dei var trass alt dei næraste
og visste om den beste gåva:
å ikkje bry seg i det heile
dermed vart det ein stille kveld
og det gleda hans einstøingshjarte;
- verdas beste vener
tenkte han fornøgd
og sløkte lysa i lokalet
som aldri var sett i stand
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar