er
det rart det er krig i verda
sa
du
og
eg forstod ikkje kva du meinte
før
eg møtte dei to
Åse
og Kjell
og
vart vitne
(om
enn ufrivillig)
til
deira rise and fall
for
verda er liten
om
viljen er stor
og
dei som i dag er samde
kan
i morgon glo
med
glødande blikk
mot
den som var venn
den
som var tålt
bak
eit syltynt, skjørt og skjelvande
riss
av fred
for
verda er stor
og
lukkeleg den
som
eig ein holme saman,
eit paradis på jord!
og
lukkeleg den
som
tør innrømme sinne
og
seie som sant er
- eg
ynskjer alt sjølv…
men
synd er det no
på
dei som vil teie
og
nektar å snakke
vil
ingenting seie
og
nikkar og skular og trampar
med
skjelvande bein
og
kjenner på hatet som veks
og
kjenner seg tvers gjennom klein
til
slutt vert det nok
og
nokon må handle –
å
ulukke stor
den
svartmalte dagen
å
sorgfulle ord
som
aldri kan drepast, aldri
kan
trekkjast tilbake
å sorgfulle tid
forbi, forbi…
og
ingenting vert som før
no
går dei der, tomme
dei
som var vener,
dei
som levde på holmen
og
delte det meste – både sorga og lukka
og
vakna kvar morgon
til
gleda ved brorskap, vere to,
vere
saman om alt
no
går dei der, då
og
holmen er delt,
min
del og din del og ein bit i midten
der
ingen kan nokon gong
trø
–
Åse
og Kjell
to
einsame fjær
er
borte med vindane no,
berre
minnet om krig
ein
forferdeleg krig
svevar
stilt over holmen
så
meiningslaust, aude
kan
dagane fly
og
det er svevande lett
å
felle vår dom:
at
alt byrja gli, felle saman
den
dagen dei planta sitt hat
og
let det vekse seg stort
i
den tause skuggen
av
bitter egoisme –
ja,
den enklaste biten
er
etterpådomen…
Birds look happy there left alone
SvarSlettTänk, de kunde varit så lyckliga där på sin alldeles egna ö...
SvarSlettFint skrive !
SvarSlettog fint bilde.
Ja, du sier noe du... på ditt vidunderlige vakre vis :-)
SvarSlettTänk om alla kunde samsas, fåglar som människor :-)
SvarSlettDu og du, ja slik kan man undre seg. Bra skrevet.
SvarSlettSå fint du skriver och bilden därtill är så talande.
SvarSlett