Kva tenkjer du på,
der du ligg og drøymer?
Fersk i verda,
berre timesferske tankar å fordøye --
Lengtar du tilbake
til det tette, djupe og trygge
mørket, der du,
trass den stadig minkande plassen,
hadde fridomen til å vere berre deg sjølv?
No må du vere noko meir
Fridomen er borte,
det er ikkje lenger så greitt med alt;
Mat, luft, varme
og alle krava frå dei andre, dei rundt deg:
Et! Sov! Sjå hit! Ligg her!
Dagen er blitt lys og mørk, uforutsigbar
Er det dette du drøymer om?
- eller er du fortsatt ubekymra, svevande
på dine eigne draumeskyer, byggjer du
luftslott og fantasiar,
set saman alt du opplever til bilete
og kunstverk i ditt eige indre galleri?
Du er ei lukka bok for meg
Eg opnar boka, det første bladet
Startar å lese
Endå er det langt att før eg veit
kva boka handlar om
der du ligg og drøymer?
Fersk i verda,
berre timesferske tankar å fordøye --
Lengtar du tilbake
til det tette, djupe og trygge
mørket, der du,
trass den stadig minkande plassen,
hadde fridomen til å vere berre deg sjølv?
No må du vere noko meir
Fridomen er borte,
det er ikkje lenger så greitt med alt;
Mat, luft, varme
og alle krava frå dei andre, dei rundt deg:
Et! Sov! Sjå hit! Ligg her!
Dagen er blitt lys og mørk, uforutsigbar
Er det dette du drøymer om?
- eller er du fortsatt ubekymra, svevande
på dine eigne draumeskyer, byggjer du
luftslott og fantasiar,
set saman alt du opplever til bilete
og kunstverk i ditt eige indre galleri?
Du er ei lukka bok for meg
Eg opnar boka, det første bladet
Startar å lese
Endå er det langt att før eg veit
kva boka handlar om
Så vakker, så vakkert.
SvarSlettGratulerer.
Mvh Marie
Fantastisk!!
SvarSlettGratulere SÅ mykje!
Og nydelig tankevekkande dikt!
Lukke til med å "lese boka"!!
Takk! Utruleg stort å få sjå eit nytt liv komme til verda endå ein gong, og leve oppi alt det fører med seg av gleder og arbeid. No går kvardagen i bleieskift, vasking av gulp, sjå på baby som søv, aktivisere storesøskena +++ Og sjølvsagt litt diktskriving!
SvarSlettGratulerer med et vakkert,nytt barn. Jeg blir alltid rørt og glad når barn ønskes velkommen...
SvarSlettEit vakkert dikt til den nye i verda! For ei lykke! Eg fekk eit lite barnebarn 8.mars, i dag var termin for eit anna barnebarn,som ikkje har det travelt med å kome, og ei dotter er 3 mndr på veg. Eg gler meg stort over all denne lykka. Gratulerer så mykje!
SvarSlett