i
mange lange vintrar
stod
treet her og bøygde seg
for
vindane og stormane
og
lagra sine bilete
av
regn og snø og sol
i
mange lange vårar
spira
håpet stille fram
til
myriadane av fuglar her
på
treets mange greiner
song
ein song om livet sjølv
i mange
lange somrar
strøymde
sola over barken
i
ein dans for varme dagar
fylt
med spirande yrande liv
og
bekymringslaus glede
i
mange lange haustar
gjekk
ei stille mumling gjennom skogen
om
førebuing, fellesskap
og
korleis alt skal vernast
gjennom kalde mørke tider
for i mange lange år
var
det slik det var i skogen,
men
så – ein dag – eit kort sekund
i motordur og skarpe hogg
falt treet, gleda, håpet
og
slik er lærdomen i verda,
slik
er kunnskapen vi har:
at
alt du bygde opp og fram
kan
falle ned, bli trampa på
og knust i eitt sekund(Weekend in b&w)
