så er kanskje vinteren ventetid
eit
pust mellom hauststorm
og
vårens glade melodiar
men
også i dette rommet finst gleda,
også
her ventar gullet –
berre
noko meir skjult
kle
om plenen;
leggje
vekk sommarplagga
og
hente fram vinterfrakken –
sprade
rundt
i
sin eigen stille parade;
kven har vel vakrare klede enn dette?
skape på ny dette skapte
som levde sitt liv
under
sommarsola
no
er det stille,
dei
storslagne songane har stilna
under
kulda sin sølvprega ro
omskape
lauvtunge greiner,
forme
på ny alt
frå
vindauget til dei isblå stjernene;
den
grøne veggen er borte
tause
treet står att og vinkar
i sine
glade vibrasjonar
det
er eit tid for alt
også
i vinternatta –
ei
tid for frost
og
ei for å smelte
ei
tid for å dekke til
ei
for å avsløre gamle feil
ei
tid for tunge snøfall
og
ei for å stråle
i
tusen skimrande krystallar
under desembersola
Nydeleg!
SvarSlettTakk :-)