torsdag 12. juli 2018
onsdag 11. juli 2018
tirsdag 10. juli 2018
mandag 9. juli 2018
søndag 8. juli 2018
Det blinde regnet #4
straumen
av levd liv
nedover
fjellsida –
ei
elv av brukte tankar
ferdigdrøymde
draumar
ord
som har gjort sin misjon
ein
straum av grumsete blikk
lydar
utan kraft
handlingar
ingen fekk sjå
og håp…
fortsatt så sprekkfullt av håp
at elva fordampar
fyller himmelen med tunge skyer
før den siste, vesle resten når
havet
som ein bekk av anger og hjartesår
lørdag 7. juli 2018
Det blinde regnet #3
mot
slutten av dei tyngste dagane
vil vi ramme inn alle ørsmå håp
og stille dei ut
til framtidig glede
tenk, det var dette som bar meg
vil vi kviskre i stille andakt
framfor montrane –
og undre oss
over manglande interesse
på den sedvanlege måten
du berre finn hos menneske
som har sett det
verste
heilt aleine
fredag 6. juli 2018
Abonner på:
Innlegg (Atom)