fredag 9. desember 2016

Ut i verda




det er i hovudet
den verkelege
            reisa skjer
som eit ekko
av kroppen
            sine forflyttingar

frå stova
            til bilen
frå tunet
            til ferjekaia
frå heime
            til ut i verda

ankarfestet
er rommet kroppen fyller
i sitt naturlege miljø;
senga, badet, stova, kjøkkenet
heile den kjente verda

og så utvidar det seg
- i tynnare luft, framande vatn
veks verda til nye proporsjonar
og ankerkjettingen strammar
og strammar
vert eit elastisk band
            strekt over fjorden

dreg tankane heim att
og kroppen fyljer etter –


fredag 2. desember 2016

Foss




ord
som dropar mot berg

setningar
i ville kaskadar
utfor fjellet

ei heil forteljing
som ein foss
mot avgrunnen

endrar landskapet
vaskar fjellet vekk
bit for bit
lagar nye vegar
mellom hjarta



fredag 25. november 2016

Songen




orda vart forma
djupt i ditt eige hjarte

tonane smaug seg inn
i hovudet medan du skreiv

og det heile vart ein song
om det du ikkje fekk sagt

songen flyg over leppene dine
slår følgje med vibrasjonane
frå gitarstrengar
pianotangentar
trommeskinn

når øyra mine som store bølgjer
mot ei forriven kystlinje

fossar innover nervebanene mine
veks til ei kjensle i djupet

og med eitt kan eg kjenne
det same som deg

vere på bølgjelengde – forstå 
eit anna, framand hjarte –