eg såg deg
med
mine ungdoms auge
eg
var nyfødd eit barn ein uvitug
nysgjerrig
stirrande på murar og fjell
og det skjulte pulserande livet her
eg
såg deg
monterte
saman bildet
av
notids deg og fortids deg
og
mitt hjartes deg og kunnskapens deg med kjenslene
av
alt som vella fram
når
eg trødde i gatene kjende luktene
kjende
livet ditt sive inn i mine blodårer
og
det som var flate teikningar
steig
opp frå papiret fekk liv og rørsle
og
kjærleiken brann
ja
brann
i
det orda smelta saman med bilda
og
vart ein ny heilskap
ei
kjelde eg kan ause av
kvar
gong eg grip ordet
let
det fylle meg forme meg
skape
meg på ny