søndag 20. juli 2014

Stille ut


umerkeleg
trakk du deg ut
i mørket,
steg for steg
på vegen
vekk frå oss

vi såg deg ikkje
då du gjekk,
men merkar stilla,
som eit usynleg teppe
over kvardagen

lydar
som ikkje lenger er der,
potar som ikkje lenger trakkar
over plenen
eller den glade murringa
når vi strauk deg over pelsen -

du gjekk
           stille ut

torsdag 17. juli 2014

Solblom i hjartet


eg søker romslege livsforhold,
sletter med frodig gras
og regn
og sol gjennom slørlette skyer

ei tid til å vakne
ei tid til å dø
og alle tidene mellom
- mine tider
som uopna gåver ved døra
kvar morgon

eg søker roen 
der stormane raser
og regnet piskar og
lynet flerrar himmelen medan
tora rullar -
 
og freden likevel lever
som ein solblome
i hjarta mitt

onsdag 16. juli 2014

Rivningsinspeksjon





kven lærte dykk å bygge
slike praktfulle byggverk -
arkitektonisk,
lagvis, reglementært
- nesten så de veit kva de driv med -

eg nærmar meg
eit framand hus,
eit strålande slott
for flittige konstruktørar,
eg nærmar meg stille, med respekt

for eg forstår
ynsket om å forsvare
hus og heim,
ynsket om å verne
familie, eigedom, eit strålande byggverk

-

likevel er det sannsynleg
at det er eg
som riv det heile ned,
at det er eg som vert dykkar endelikt

endå kor de har imponert
på svært nær hald



(Onsdagstema, Black & White Wednesdays)

tirsdag 15. juli 2014

Serenade frå dei tause



bak dei små og tause
syng det ein større song

ein melodi knapt høyrbar
under digitale straumar, radiobølgjer

mot tankestrendene,
vaskar vekk grunnen du står på

og stillar songen, døyver smerta
dempar ropa frå dei stille, små

dei som er der, rundt deg
i kvart molekylbyggverk, kvar organisk struktur

og syng sin stille song
sin tause serenade for dagen som gjekk -

fekk du med deg
at nokon vaks seg nærare lyset - i dag?

mandag 14. juli 2014

Lenkene


det er noko som bind
det er noko som held -

ulikskapen
er vegen inn
bak det som stenger

om den er ei blindgate
utan sjanse til retur

om den er ein veg
ut av eit kryss,
ein veg du vel
av eigen vilje

og ulikskapen
er vegen ut
frå det som stenger

om lenkene fell
og du fortsatt er fange
i deg sjølv,
eller om lenkene fell
og du vert fanga av lyset
frå nokon som er glad i deg -

og ulikskapen
er valet du har,
om du i det heile ynskjer
å sleppe fri...