Viser innlegg med etiketten byggverk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten byggverk. Vis alle innlegg

tirsdag 10. mars 2020

Sjå på mauren

det er ikkje lett å seie
kva mauren eigentleg tenkjer på -

kanskje legg han planar for sommaren,
teiknar flotte skisser
for nye, storslegne byggverk

kanskje lagar han vedlikehaldsplanar,
er nøgd med å reparere det som vinteren 
og uforsiktige tursko
riv ned

eller kanskje han eigentleg ikkje bryr seg,
berre byggjer for å byggje
sidan han ikkje har så mykje anna
å ta seg til
likevel




tirsdag 16. september 2014

Med tida


eg høyrer skrapelyden tydeleg,
taktfast, som eit sandpapir
over blankpolerte treveggar

det er nokon som gjer sitt arbeid
i det stille, så sakte
at vi knapt merkar det som skjer

kom tilbake om tusen år
og skrapelyden er den same,
men terrenget er endra -

-

det er så mange ting 
vi menneske har bygd,
monument over våre draumar, vårt mot

og stolte ser vi våre verk vert reiste
som udøyelege minne
over våre evner - vi kan

ikkje høyre skrapelyden, 
den er for stille, utanfor vår fatteevne
og over vårt kjente terreng på ein ugripeleg måte

-

spør mayaene, spør dei gamle egyptarane,
romarane, mongolane, aztekarane
sumerarane, kartagarane, babylonarane...

dei vil svare deg med tause blikk
og ein forsiktig finger over leppene - ver stille og lytt!
høyr skrapinga, høyr tida jobbe seg veg
gjennom alle draumar -


onsdag 16. juli 2014

Rivningsinspeksjon





kven lærte dykk å bygge
slike praktfulle byggverk -
arkitektonisk,
lagvis, reglementært
- nesten så de veit kva de driv med -

eg nærmar meg
eit framand hus,
eit strålande slott
for flittige konstruktørar,
eg nærmar meg stille, med respekt

for eg forstår
ynsket om å forsvare
hus og heim,
ynsket om å verne
familie, eigedom, eit strålande byggverk

-

likevel er det sannsynleg
at det er eg
som riv det heile ned,
at det er eg som vert dykkar endelikt

endå kor de har imponert
på svært nær hald



(Onsdagstema, Black & White Wednesdays)

tirsdag 15. januar 2013

Frost



Frost
som ruinar
av gamle tankar, gamalt liv
levd, utlevd og borte

Frost
konstruksjonar,
våren sitt reisverk
eit vitne om det som skal komme:
Dei første spede forsøka
på attreising og reparasjon

Frost
ei miniatyrverd
under føtene våre
Kulda som gror gjennom bakken;
den må gje tapt
etter kvart
for vårsola og den nye oppstoda!