Viser innlegg med etiketten søk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søk. Vis alle innlegg

torsdag 17. juli 2014

Solblom i hjartet


eg søker romslege livsforhold,
sletter med frodig gras
og regn
og sol gjennom slørlette skyer

ei tid til å vakne
ei tid til å dø
og alle tidene mellom
- mine tider
som uopna gåver ved døra
kvar morgon

eg søker roen 
der stormane raser
og regnet piskar og
lynet flerrar himmelen medan
tora rullar -
 
og freden likevel lever
som ein solblome
i hjarta mitt