lørdag 5. juli 2014

Komma



Eg pustar ut,
ser lyset forsvinne
som ei støvsky
bak horisonten





landet ligg aude,
landet ligg stille
det er som verda
trekk pusten på ny
 




og det vesle mellomrommet
- ventetida -
då alle auge er svarte og opne,
strekk seg over eit juv

blinkar lurt
kviskrar
eg kjem tilbake
om litt



fredag 4. juli 2014

Inn i bildet




Eg vandrar
inn i bildet,
vert oppslukt
av det som ventar
innan for rammene,
bak laga av trykksverte
og konturlause draumar

dette er eit stille rom
for langtgåande føter,
eit pusterom, ei flate
eg kan krype inn i
puste lange, tunge inn-
puste
ut –


Holding the sky






(Haiku my heart)

torsdag 3. juli 2014

Mi eiga sky



Det heile begynte å gå betre
den dagen eg limte sommarbilda
over alle vindauga

No bekymrar eg meg ikkje lenger
over fallande lauv
eller rimet som dekkjer blomar og bed

Og eg klarar meg gjennom
heile Dagsrevyen
utan å felle ei tåre

onsdag 2. juli 2014

Ei reise heim #7



Ein dag ser eg båten utanfrå,
som eit flytande skal
så uverkeleg, tom

og der har eg vore,
i den har eg sigla?

ein dag går eg i land, let båten fare
til den går i eitt med hav og himmel

og saknet
er til å leve med

tirsdag 1. juli 2014

Ei reise heim #6



Så vender eg blikket framover,
ser inn i det ukjente som ventar

lengtar med heile meg
etter hamna, kvilestaden

lengtar med heile meg
etter staden eg er nett no

ser med glede rundt meg
på andre båtar, mine fyljevener

ser med forventning fram
til ei felles i landstiging, ei felles glede

ber ei bøn
om få forlis