1
Alt kan bli
eit fengsel,
viss du let det binde
tankane dine
og orda dine
og handlingane dine
på ein måte
du slett ikkje ynskte
i utgangspunktet
2
Du seier
eg sit i bur
Men kva om
det er omvendt?
At nettingen er der
for din del,
at du ikkje skal kome
deg inn – hit?
3
Ikkje alle fengsel
er slike du vil rømme frå,
somme fengsel
er slike du vil rømme til
for å sleppe frå
ein fridom som er altfor stor
og øydelegg deg
bit for bit
4
I dag sit vi her i buret,
og du kan beundre våre fjør
og vårt vinnande vesen –
Men vi kan ikkje snakke om kjærleik,
så lenge du låser døra
kvar gong du går
Kva om du opna buret
og gjekk heim
til ditt eige
og kom att i morgon
og vi endå sat her
med heile vår fjørdrakt og skvatrande tale
og du forstod
at det slett ikkje er buret
som held oss her
men at vi er like glade
for å sjå deg
som du er for å sjå oss?
Då først kan vi snakke
om kjærleik,
du mannen med
nøklane(Our world tuesday og Onsdagstema #195. Bileta har eg teke i Haugaland zoo på Karmøy.)