tirsdag 3. desember 2013

Kolossal




Det er her eg står,
eg og fotoapparatet, vi limar verda fast
og klistrar den inn
på dataskjermen – lag på lag
til heile verda ligg lagra som to enkle tal
0 og 1, og straumen som går
mellom komponentane
leier tala inn på rekke, set dei saman
til informasjon eg kan bruke
viss eg vil og

Alle desse småstraumane
kjem frå ein stad, dei er bielver
i den kolossale hovudstraumen
frå fjella, der vatnet har rent frå dammane
og gjennom dei overdimensjonerte røra;
sett magnetar i sving,
og straumen har vorte leia hit til meg –

Frå dette vatnet,
dei kolossale vassmengdene
som ein gong var vassdamp i skyene
og kom siglande inn frå fjordar og hav,
inn over fjella
der dei slapp lasta si av
og gjorde det heile mogleg;

Først av alt var det altså hav
og fjord, der vassmolekyla låg og venta
på sol, på varme
på nok energi til å forlate kvardagen
og bli del av noko større,
noko kolossalt –

Til sjuande og sist er det altså her det startar,
her eg står og fotograferer vatnet,
som snart skal gje straum
til sin eigen virtuelle eksistens –


(Fredagstema)

Ny i verda




Kvifor vart verda med eitt så kald
Så brått, utan nåde

Utan varme

Som om nokon skrudde av noko,
samstundes som noko anna vart skrudd på,
noko hardt og kaldt
og ubegripeleg

Som om den trygge skjulestaden
ikkje lenger kunne gje livd
Ja, akkurat som det

og eg er kald


mandag 2. desember 2013

Frå litt oppe

 



viss eg var ein engel i englekoret
som song over marka
ein ukjent song, ein ny melodi
som ingen endå kjente –
då ville eg sett med store auge
på alle menneska som fortset å gå
med auga feste i bakken
og børene tunge på skuldrene

utan å merke seg ved songen,
utan å stanse og lytte
og la seg fylle av gleda
og triumferande juble; eit håp er blitt født!

viss eg var ein engel som song
og såg verda frå litt lenger oppe
ville eg nok undra meg – ei ukjent smerte
over alle som kan nå det eg aldri kan få

og likevel snur seg bort

søndag 1. desember 2013

Rainbow






Haiku heights

Stjernenatt




Den svarte himmelen speglar seg i sjøen;
Alt er svart, alt er mørkt
Skogen svaiar stille i den milde vinden
som sakte stryk luftige fingrar over landet

Berre stjernene på himmelen lyser opp
og viser veg gjennom ørkenen, over elvar
og fjell og aude vegar,
lagar ein sti
dit hjartet lengtar og håpet søker
ei roleg hamn, ein trygg og solid molo
å gøyme seg bak

dit auga søker å finne lys
midt i natta