torsdag 15. august 2013

Flyte



Vi held oss flytande
Som naudringar, treklossar
Heva over – i balanse –
alt det vi let bak oss;
Ein virvelvind av tankar
Kjensler
Sorg og tårer over tap
Latter på eigne vegne
- og for kvarandre
For alt det vi burde sett,
alt som glapp
som rennande vatn frå hendene våre,
damp frå ein islagt innsjø
ein iskald vinterdag – noko vi kan sjå
men aldri gripe –
Ja, vi held oss flytande,
men det er også alt
Medan vi lengtar etter stødig grunn,
igjen kunne setje beina på veksande gras,
kjenne livet spire… i fotspora… att…

lørdag 10. august 2013

Eit litt langt dikt om søvn og kjærleik



Eg ber deg i armane mine,
med stødige, gyngande steg
over stovegolvet,
fram og attende,
mistar kontakten med eigne armar,
kjenner tyngda av deg
mot mage og bryst
- du er nysgjerrig, ser deg rundt
og eg syng og held deg
stødig, Ingen er så trygg
i fare
Den første song og Blåmann,
medan skuggane ute vert lengre
og forsvinn,
lysa vert tent i hus etter hus,
medan vi går her, i stilla, aleine,
som to dansande, klamrande til kvarandre
i frykt for å miste,
i vissa om å ha,
i ynskje om å alltid få vere – der

Eg kjenner hovudet sig ned mot skuldra mi,
du bøyer det til sida, endå veiftar du litt
med armar og bein – men berre litt,
og stega mine er kattesteg,
eg går så mjukt eg kan, og voggar deg stille,
medan kjenslene forsvinn frå fingrane
- om ikkje frå hjarta,
for eg kjenner eg elskar kvart stridande atom
i kroppen din,
stridande og tapande – for den tunge søvnen
som sakte spreier seg, som tåke, gjennom deg,
og det er som du vert litt tyngre –

Hovudet ditt mot skuldra mi,
hendene mine som held deg oppe,
og verda som ikkje kan gjere deg noko
så lenge eg held deg slik, voggar deg slik, syng for deg slik,
elskar deg slik
eg gjer

Med dei same voggande stega hentar eg smokken,
går forsiktig ned trappa til soverommet
og legg deg – sakte – til ro i den vesle senga,
ser at du glepp litt med auga,
men glir inn i søvnen att – så fredfullt,
så enkelt,
eg står og ser på pusten din, kor
magen hevar og senkar seg,
leppene lukka – og auga
finn roen og kroppen finn kvila
etter ein dag med så mykje utforsking, så mykje leik,
så mange kjærlege blikk, og nokre triste skrik,
tause bøner frå ordlause tankar, men mest,
ja aller mest, det kan vi sjå – på heile deg,
ei tillit som held deg fast i vår kjærleik,
held deg, som mine eigne armar nett gjorde,
og du er trygg, og du veit det

Sakte går eg opp trappa att, aleine,
kjenner blodet vende tilbake
til armar, hender, fingrar,
kjenner gleda bli verande – og kjærleiken
veit at du er eit menneske
som alltid, på ein måte eller ein annan,
vil infiltrere mitt liv – og eg vil elske deg

uansett kva

torsdag 8. august 2013

Et tankeløst valg



Jeg går gjennom blankskurte gater,
med sovende biler, gjenlåste dører,
en folketom del av byen – så tidlig på dag,
for sola har så vidt stått opp

Jeg prøver å tenke på – noe,
som leder min tanke bort, langt av sted
fra henne, som enda sitter ved havet og ser
på brenningers brus i mot berget

Jeg tenker, men vil ikke tenke,
min lengsel den favner for dypt, og for langt
Jeg tenker slett ikke på hennes øyne,
heller ikke på smilet, på kinnet, på hånden, på –

Hun vandret med svevende føtter,
over berg, gjennom skog, over eng,
tankene flyr, men jeg tenker ei på
da vi danset på stranda om natta

og lyttet til bølgene, fuglenes søvn,
så mørket som falt over bygda
Min tanke er slett ikke der hvor vi satt
og hun tok min hånd i sin

Jeg går gjennom blankskurte gater,
husker, ja, husker – hvor hennes solbrune hud
møtte min –
Men jeg tenker nok slett ikke på det

for hvorfor
ville jeg da
vandret her?

tirsdag 6. august 2013

Kvardagsjudas



Måndag sov eg heilt til klokka ti,
men sa til sjefen
at eg ikkje klarte nå att bussen

Tysdag sneik eg inn på kino,
såg ein film
eg kanskje ikkje burde sett

Onsdag tok eg pengar ut frå kassa,
kviskra for meg sjølv – eg skal betale dei tilbake
ein gong –

Torsdag såg eg med forakt
etter tiggaren på hjørnet
og horene som venta sine kundar

Fredag snakka eg bak ryggen din,
men berre litt, altså,
berre akkurat nok til å bli populær

Laurdag stemte eg på dei
som vil ha flyktningane ut
La oss klare oss som best – der vi er

Søndag tok eg på meg fine klede,
bøygde kne bak kyrkjebenken,
før eg toa mine hender og gjekk heim