no
ligg verda open
i det knuste er det håp,
det
delte viser veg
mot
heilskap
der
vi har opne auge
og
studerer det som er
- ikkje
det vi forventar
verda
ligg open
viss
du vågar å sjå,
kanskje
vil du finne ein manual
eit
skilt
ei
røyst som kan føre –
viss
du ventar
i
stilla
ventar
med
alle sansar opne
og
knusar fordomane lik glas
mot
dei djupe avgrunnane
for
no ligg verda open
det
nye kan starte
der
det gamle er borte,
det
er håp i det som er knust…
Ja! Det er HÅP :-)
SvarSlett