Eg er ein båt
Du er havet
Eg er uløyseleg
knytt til deg
Du eksisterer
fint i deg sjølv
Utan meg
Men held meg
likevel oppe –
Eg er ei åre
Du er vatnet
Stilt let du meg
komme
Stilt let du meg
gå
Utan eit motord
dyttar du meg
endå ein bit – framover
Eg er den
flytande,
Du er mi motkraft
I går var det
stille
I dag er det
storm
Og morgondagen –
kva veit vi om den?
Det er i dag vi
kjempar,
og du let meg
vinne, gong på gong
Eg er
forgjengeleg
Du er evig
Sakte, men
fryktfullt
går mine fiber i
oppløysing
Du er kompakt,
slår dine taktfaste slag
mot stadig nye
båtriper
Eg er eit vrak
Du er
uforanderleg
Mine vegar må
ende
- men også dei i
deg
Til slutt vil du
gøyme meg,
pakke meg inn –
til sist er eg
oppslukt,
usynleg for verda,
borte frå bølgjene
men endå i deg –

You are so lucky to have all that nice water near you. Beautiful pictures of it!
SvarSlettVery creative ocean photography ~ great for OWT ~ thanks, ^_^
SvarSlettartmusedog and carol
These are all beautiful ... I wish I could read your descriptions. And, I hope you can read my comments :) Lovely post ....
SvarSlettAndrea @ From The Sol
SvarSlettLovely shots!
Every photo so different… the many moods of the sea, just like us.
SvarSlettOh this is lovely...
SvarSlettThe sky and the ocean…great!
SvarSlettTakk!
SvarSlettGod natt :-)
Så fint!
SvarSlett