vi
som vandrar rundt mellom tette veggar,
i
skuggar
med
føtene stødige mot golvet
og
blikket berre ein meter framfor,
alltid
sikker, alltid tydeleg
alltid
veit vi kva som kjem –
endå
meir golv
endå
meir veggar
endå
lengre korridorar
med
tryggleik –
2
vi
som vandrar rundt med skylappar,
gjennom
dagar så føreseielege
at
vi nesten ikkje treng leve dei –
vi
som forsiktig løfter blikket
til
vindauga mot livet
og
ikkje klarar senke det etterpå –
3
vi
som slepp det vi har i hendene,
trengjer
oss gjennom folkemengda,
spring
mot døra, riv den opp,
stormar
ut og tek inn det enorme synet –
så
annleis verda er
for
oss
som
vågar å gå ut av korridoren –
4
vi
som snur oss
ser
alle dei som fortsatt går med senka blikk
i
korridorane,
og
endå ikkje har sett, ikkje veit, ikkje kjent
at
livet er noko
meir
–
vi
som snur oss
og
ropar:
løft
blikket!
kom!
(Ein stück himmel)
Og håper de kommer?
SvarSlettTakk for ord og bilder.
Mormor
http://www.starbear.no/mormor/2013/11/21/en-liten-bit-himmel/
I love the skyshots over the buildings and mountain
SvarSlettVad många skiftningar en himmel kan ha.
SvarSlettHa en fin Dag
Hälsning Meta
Your skyshots through the window are gorgeous! Also the other two photos are fantastic! What a view!
SvarSlettThanks a lot for your comment too! Yes it is the statue of Erzherzog Karl. It is on Heldenplatz!